Category Archives: Strøm

Bjarte og resten av bygda kan juble – no får dei 365 millionar kroner på deling

– Dette er jo ei suksesshistorie, seier styreleiar Sverre Olav Handeland i Fjelberg Kraftlag.

Andre vil seia det handlar om eit lite lokalsamfunn i Kvinnherad som fekk dollarteikn i auga og tok innersvingen på staten.

Det vesle straumnettselskapet, som fusjonerte med Haugaland Kraft i fjor, signerte vesle julaftan ein avtale om å selja aksjar for 365 millionar kroner.

Det Stavanger-baserte investeringsselskapet HitecVision kjøper dermed aksjane deira i Haugaland Kraft AS for 55 millionar kroner meir enn det opphavlege tilbodet kraftlaget har i avtalen med Haugaland Kraft.

– Ein superbonus, seier Handeland.

Historia bak denne tilsynelatande nøkterne økonomimeldinga er ganske ellevill.

Sverre Olav Handeland

GULLKANTA PLAN: Styreleiar Sverre Olav Handeland fekk 90 prosent av medeigarane i Fjelberg Kraftlag med seg på fusjonsplanen som no har gitt 365 millionar kroner i utbytte.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

«… at holde kjeft»

Fjelberg Kraftlag vart landskjend då NRK fortalde om eit skjult opptak der leiarane hausten 2018 bad alle involverte «halda kjeft» om ein fusjonsplan som kunne gi dei 1150 lokale medeigarane 310 millionar kroner på deling.

– Jo mindre av dette som kjem ut i avisene og til Stiftelsestilsynet, jo sikrare er du på å få pengane i di lomme, sa dåverande dagleg leiar Kristoffer Vannes på eit informasjonsmøte for medeigarane i Fjelberg Kraftlag.

Handeland supplerte med eit kjend sitat frå Noregs statsminister i 1905:

– Nu gjelder det at holde kjeft!

Og han la til:

– Me har lagt opp til å slakta heile grisen. Det nyttar ikkje å berre skjera av ei skinke.

Informasjonsmøte i Fjelberg Kraftlag 15. oktober 2018

LURT Å TEIE: Leiinga i Fjelberg Kraftlag gav straumkundane som er medeigarar råd om å «halda kjeft» om fusjonsplanane viss dei ønska millionutbytte.

Foto: Privat

Bakgrunnen for at Fjelberg Kraftlag ville ha minst mogleg merksemd om fusjonsplanen, var at dette var eit 70 år gammalt samvirkeselskap med ein ideell føremålsparagraf om å vere nyttig for lokalsamfunnet. Rundt halvparten av dei om lag 2000 straumkundane var medlemar.

Lukrativ plan

Med hjelp frå advokatfirmaet Schjødt var planen lagt: Først skulle samvirkeselskapet omdannast til aksjeselskap, deretter fusjonera med det mykje større Haugaland Kraft. Dette meinte leiinga var nødvendig for å sikra den lokale straumforsyninga i framtida. Samstundes var avtalen potensielt svært lukrativ for mange i lokalsamfunnet.

For Haugaland Kraft forplikta seg til å løysa ut alle verdiane i Fjelberg Kraftlag før år 2021. Og sidan mange av straumkundane var medeigarar, ville dei forventa 310 millionar kronene bli fordelt basert på kor mykje straum dei hadde kjøpt dei siste åra.

Kritikarar meinte dette var å ta kollektivt eigde verdiar som er bygt opp gjennom 70 år, og gi det til dei 1150 som tilfeldigvis i dag var medlemar i Fjelberg kraftlag.

– Det er openbert lovstridig, sa Per Ove Kviteberg, tidlegare styreleiar i Fjelberg Kraftlag.

Han støtta seg på advokat og samvirkeekspert Knud Lorentzen, som meinte Stiftelsestilsynet kom til å slå ned på omdanning og «slakting» av samvirkeselskapet.

Per Ove Kviteberg (t.v.) og Sverre Olav Handeland

KRITIKAR: På generalforsamlinga i 2018 framførte tidlegare styreleiar Per Ove Kviteberg ei nidvise om «å slakta grisen». Etterfølgaren hans (bak) lytta, men endra ikkje meining.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Trossa staten

Og Stiftelsestilsynet var kritiske då dei fekk høyra om planane og det skjulte opptaket.

«Vi kjem ikkje til å godkjenne søknadar der verdiane i samvirkeføretaket skal delast ut til medlemmane privat», skreiv tilsynet.

Medlemmane gjekk desember 2018 likevel mann av huse i selskapets best besøkte årsmøte nokosinne, og sa eit rungande ja til å bli aksjeselskap.

Selskapet klaga på avgjerda i Stiftelsestilsynet, og Stiftelsesklagenemnda støtta Fjelberg Kraftlag rett før jul 2019. Men kravet var at 42 millionar kroner skulle settast av til eit fond i ei allmennyttig stifting for lokalsamfunnet. Dermed ville utbyttet til medeigarane bli redusert til 268 millionar kroner.

Stemmeavgivning i Fjelberg kraftlag på Halsnøy

SA JA TAKK: På generalforsamlinga vedtok medeigarane å danna aksjeselskap, for å fusjonera og få 310 millionar kroner på deling.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I pose og sekk

No har over to år gått sidan «hald kjeft»-møtet, og måndag vart det offentleggjort at folk i søre del av Kvinnherad kommune har fått tidenes julegåve. Omsider kan dei snart casha inn aksjane, og det til ein endå betre pris enn dei drøymde om.

– Me likar å komma med gode nyhende til medlemane våre før jul. Me har auka verdien med 55 millionar. Dermed får eigarane 310 millionar, og når det i tillegg er sett av 42 millionar til eit fond, og abonnentane våre har fått billigare nettleige, har me fått i både pose og sekk, konstaterer styreleiaren nøgd.

Medeigarane i kraftlaget får aksjeutbytte ut frå kor mykje straum dei har brukt dei siste fem åra.

Kvinnherad kommune er største aksjonær og får 28 millionar kroner. Ein vanleg husstand får 150.-200.000 kroner.

Andre som får stor gevinst, er til dømes Spar-butikken i Sæbøvik, som håpar på rundt 4 millionar kroner.

– Det betyr mellom anna at me har råd til å investera i nytt kjøleanlegg, seier dagleg leiar Bjarte Bjørnevik.

Sunnhordland folkehøgskule får over 6 millionar kroner, og planlegg for eksempel ny felles daglegstove for elevane og å utvikla ei strandtomt med naust.

– Det er veldig positivt for oss at me kan gjera det endå betre for elevar og tilsette. Skulen vår er jo noko meir enn ein privatperson. Dette er eit allmennyttig føremål, seier rektor Mona Økland.

Mona Økland, rektor Sunnhordland folkehøgskule

GLAD: 6,4 millionar kroner held til både ny daglegstove, nytt naust og meir til, håpar rektor Mona Økland ved Sunnhordland folkehøgskule.

Foto: Sunnhordland folkehøgskule

Grisefest?

Styreleiar Handeland reknar med at Fjelberg Kraftlag blir lagt ned når 365 millionar kroner har dryssa ferdig over privatpersonar, bedrifter, organisasjonar og stiftinga.

– Det har vore ein kronglete prosess med mange skjer i sjøen. No ser det ut til at me endeleg kjem i mål med eit skikkeleg resultat for eigarane og samfunnet rundt oss.

Du sa tidlegare til NRK at pengane ikkje var poenget, men dette viser vel at det var dei?

– Poenget var at rammevilkåra gjorde drifta vanskeleg for små straumselskap, og me i styret meinte eigarane sjølve skulle få forvalta midlane. Og når me no også får eit lokalt allmennyttig fond, må jo alle vera nøgde.

– Skal de feira med fest og nyslakta gris i Fjelberg?

– Med koronasituasjonen får me sjå til våren, men no har me slakta heile grisen heilt etter boka, så det er glimrande. Eigarane får ut verdiane, og fondet på 42 millionar kroner skal gå til allmennyttige føremål i området. Ein fantastisk griseslakt, konkluderer han.

Läs artikeln här!

Läs artikeln här!

error: Content is protected !!